Serieopnar etter nesten to års pause

Laurdag sparkar seniorfotballen i gang att med heimekamp mot Bremanger. Då er det nesten to år sidan førre seriekamp for herrelaget.

Gler seg: Trenar for Stryn sitt herrelag i fotball, Øystein Hesjedal, gler seg stort til endeleg å kome i gong med seriefotballen for A-laget. Dei møter Bremanger heime i opningskampen.   Foto: Roger Oldeide

Nyhende

– Vi har trent bra gjennom heile oppkøyringa, tre-fire gongar i veka, og føler oss godt førebudd til seriestart, seier trenar Øystein Hesjedal.