Høyringsmøte om Regional transportplan:

Retta skarp kritikk mot ny rassikringsmodell

Fleire tok til orde for å skrote fylket sin rassikringsmodell.

Sterkt kritisk til ny rassikringsmodell: – Den flyttar pengar frå skredutsette område til folkerike område, seier ordførar i Stryn, Per Kjøllesdal under det opne møte om RTP på Skei onsdag.  Foto: Roger Oldeide (Arkivfoto)

At skredfylket Vestland av alle, vil skrote den nasjonale skredsikringsmodellen, er for oss ei gåte

Nyhende

I høve den første regionale transportplanen for Vestland fylke (RTP 2022 – 2033) som skal opp for fylkestinget i desember, vart det arrangert ope høyringsmøte på Jølster Hotel på Skei onsdag. Nordfjordrådet var til stades med Stryneordførar Per Kjøllesdal og ordførar i Gloppen, Leidulf Gloppestad.