Tidenes næringslivskonferanse:

- Programmet er klart

– Vi kan presentere eit breitt program for heile næringslivet i Stryn.

Klare for å samle næringslivet: Stryn Næringshage med Magne Wathne, Knut-Henning Hjellbakk, Jenny Staalnacke og Sven Flo er klare for å endeleg samle næringslivet i Stryn igjen.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Det seier Sven Flo i arrangøren Stryn Næringshage. Saman med Stryn Næringssamskipnad arrangerer dei «Tidenes» næringslivskonferanse ved Hotel Alexandra 22- og 23 september som i skrivande stund har over 90 påmelde.