Fakta om lodalsulukka 1936

Riksdekning: Ulukka vart grundig omtala i fleire riksdekkjande aviser. Her les nokre lodøler kva Aftenposten skriv. 

Nyhende

Lodalsulukka 1936

  • Raset gjekk i femtida om morgonen 13. september 1936.
  • Flodbølgja som slo innover land kravde 74 menneskeliv. 44 i Bødal, 26 i Nesdal, 2 på Sanden og 2 på Vassenden.
  • Fjellstykket som losna frå Ramnefjell vart anslått å vere om lag 1 million kubikkmeter, noko som var kring tre gongar så stort som i 1905.
  • Natt til 22. september kom eit nytt ras. Ingen vart skadde, men lausøyre som var samla langs strendene vart skylt på vatnet.
  • Materielle tap var rekna å vere ca 670.000 kr, og fleire aviser starta pengeinnsamling. Dagsløna var på denne tid kring fem kroner.
  • Kronprins Olav deltok i gravferda som vart halden i Loen kyrkje 16. september.
  • Første lodalsulukka hende natt til 15. januar 1905 og kravde 61 menneskeliv.
  • 93 av dei til saman 135 døde i dei to lodalsulukkene vart aldri funne.

Samandrag

Sigurd Nesdal (1915-2002) har skrive boka «Lodalen fager og farleg». Han skreiv også dette korte samandraget om hendinga i 1936: