Reisebrev frå ungdomsbedrifta Greener Paint UB ved Stryn vgs:

Nye vener og minne for livet

Eit utval av elevane ved Stryn vgs har over det siste året fått lære korleis næringslivet faktisk fungerer. Ei gruppe deltok nyleg på ein internasjonal konferanse i Bulgaria.

Bulgaria: Ungdomsbedrifta Greener Paint UB frå Stryn vidaregåande skule med f.v. Jonas Thaule, Håvard Tonning og Odina Ullebø Hool har vore i Bulgaria der dei har møtt andre ungdomsbedrifter på ein internasjonal konferanse.  Foto: Privat

Nyhende

Dette har vi fått erfare, ikkje gjennom vanleg undervisning, men ved å drive eigne ungdomsbedrifter. Det har vore eit år med både oppturar og utfordringar, men alt i alt sit vi igjen med veldig viktig kunnskap og fantastiske opplevingar som vil hjelpe oss på vegen vidare i livet. Vi i bedrifta Greener Paint UB var også med på eit internasjonalt samarbeid som gav oss moglegheita til å få eit djupare innblikk i korleis bedrifter utanfor våre landegrenser fungerer.