Val-thrilleren held fram - kven får dei endelege plassane?

Det er framleis spenning knytt til valet i Sogn og Fjordane. – Vi håpar å ha resultatet klart i løpet av torsdag, men det kan gå lenger, seier leiar i fylkesvalstyret, Jon Askeland. Difor går det enno ei tid før stortingsrepresentantane kan sleppe jubelen laus for fullt.

Valthrilleren: Spennande innspurt i valet. Beheld Olve Grotle (H) den tredje stortingsplassen, eller fører siste oppteljing til at Aleksander Øren Heen (Sp) går forbi på oppløpssida? Og beheld Alfred Bjørlo (V) utjamningsmandatet, eller blir det omkalfatring, som i Nordland?   Foto: Fotomontasje

Nyhende

Ein ting er distriktsmandata, dei tre plassane Sogn og Fjordane har i Stortinget. Her var det ganske tett mellom Olve Grotle, Høgre, som fekk det siste mandatet, og Aleksander Øren Heen, Sp, som ikkje kom inn. Ifølgje avisa Firda var det 230 stemmer som skilte desse to i Grotle sin favør. Så er spørsmålet om finteljinga og seint innkomne stemmer endrar på dette resultatet. Blir det Grotle, Høgre, med Sven Flo som vara, eller blir det Aleksander Øren Heen, Sp, og blir det i så fall Emma Berge Ness, med røter frå Stryn, som blir vara?