Olden skule:

Innsats for andre – Valfag med store verdiar

Valfaget ved Olden skule handlar om å gje elevane praktisk erfaring gjennom frivillig arbeid.

Kreative: Elastisk tråd, perler og bokstavar har dei fått tilsendt i lag med instruksane. Armbanda blir produsert storleik S-M-L og har tekst «Fuck Cancer». F.v.: Frida Sande Hoem, Rebeka Tkacova og Aurora Sanden Rake.  Foto: Berit Melheim

Nyhende

Læreplanen legg vekt på at elevane skal bli bevisste på at frivillig arbeid for fellesskapet også medfører eit sosialt fellesskap og eit inkluderande samfunn. Ivrige elevar frå ungdomstrinnet laga armband som dei skal selje til inntekt for forsking til Ung Kreft/Kreftforeningen.