Damelaget jaktar revansje

Stryn sitt 3. divisjonslag i fotball er ute etter å revansjere 1–3 tapet for Sandane i seriepremieren.

Naboduell: Selma Guddal Breivik og Stryn tek turen til Sandane søndag.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Då Stryn og Sandane møttest i serieopninga på Stryn stadion for ein månad sidan var det til slutt Sandane som kunne juble for tre poeng etter to scoringar på overtid. Laga møtest igjen på Sandane søndag, og strynetrenar Are Njøten forventar ein hard kamp.