Lesarinnlegg frå Alfred Bjørlo (V):

- Ja til låg arbeidsgivaravgift i heile Nordfjord

Alfred Bjørlo er stortingsrepresentant for Venstre.   Foto: Presse/arkiv

Nyhende

Regjeringa Solberg foreslår i Statsbudsjettet for 2022 å innføre redusert arbeidsgivaravgift i Vågsøy-delen av Kinn kommune og Hornindal-delen av Volda kommune som ei varig ordning. Dersom ikkje den nye Ap/Sp-regjeringa endrar dette, betyr det at vi er sikra lik arbeidsgivaravgift i heile Nordfjord på same reduserte nivå som i dag – slik Venstre har kjempa for både lokalt og nasjonalt.