Ikkje gyldig bombrikkeavtale kosta dyrt

Illustrasjonsbilde.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Statens vegvesen hadde tungbilkontroll ved Kjøs bru måndag. 34 køyretøy var innom kontrollplassen, 11 av dei vart kontrollerte nærare.

Av kontrollrapporten går det fram at eitt køyretøy hadde skade på underkøyringshinderet. for dette vart det skrive ut mangellapp.

Ein førar måtte rydde siktsona før vidare køyring.

Eitt køyretøy var registrert med feil vektårsavgift. Det vart sendt rapport til Skatteetaten på forholdet. Same køyretøyet hadde heller ikkje gyldig bombrikkeavtale, her vart firmaet gebyrlagd med 8.000 kroner. Sjåføren kunne heller ikkje framvise vognkort på tilhengaren. Her vart gebyret 500 kroner.

Ein sjåfør fekk advarsel for mindre brot på køyre- og kviletidsregelverket.

Statens vegvesen hadde også kontroll på rv 15 ved Folven tysdag. 13 tungbilar var innom kontrollplassen, og sju av dei vart sjekka ut nærare.

Tre sjåførar måtte rydde siktsona før vidare køyring, og tre sjåførar hadde mindre brot på køyre- og kviletidsregelverket.