Volda kommune:

Vil starte kontorutleige her

Opnar opp for «Heimekontor-hub» i Smia over nyttår.

Smia: Her blir det «heimekontor- hub». Kommunen melder om interesse for ordninga. Arkivfoto 

Nyhende

Det var Hornindal grendeutval som tok initiativ til å ta i bruk kommunehuset Smia til ein såkalla «heimekontor-hub» for næringsdrivande som treng eit kontor lokalt på Grodås. Volda kommune håpar å vere klare til å byrje utleige av kontorplassar rett over nyttår. Kommunalsjef for samfunnsutvikling i Volda kommune, Jarl Martin Møller, seier til avisa Møre at det ikkje trengst politiske grep for å leggje til rette for dette.