Helse Førde:

- Kvalitetsprisen kan godt sjåast på som ein ærespris

Overlege og leiar for mikrobiologisk avdeling i Helse Førde, Reidar Hjetland, vart torsdag tildelt helseføretaket sin kvalitetspris for 2021. I sin takketale dedikerte Hjetland like godt prisen på 80.000 kroner til heile mikrobiologisk avdeling og kvalitetsarbeidet der, skriv Helse Førde i ei pressemelding.

PRISVINNAR: Reidar Hjetland flankert av klinikkdirektør Trine Vingsnes og seksjonsleiar Kari Furevik (t.h.).  Foto: Helse Førde

Nyhende

– Vinnaren av kvalitetsprisen for 2021 har hatt ei lang og svært innhaldsrik fartstid i Helse Førde. Vinnaren har markert seg som fagperson, som rådgjevar på systemnivå i helseføretaket, som avdelingsleiar, forskar og også som frontfigur og leiar for Helse Vest sitt regionale nettverk innan fagområdet, sa administrerande direktør Arve Varden, for tida på tenestereise.
Prisen vart såleis delt ut via videolink frå gate 20 på Sola flyplass ved Stavanger. I auditoriet på Førde sentralsjukehus kunne prisvinnaren saman med dei fem øvrige nominerte og resten av den fysiske konferansen følgje spent med på storskjermen.