Arrangerer temadag i kulturhuset:

Langt og godt liv i eigen heim

Arrangøren av temadagen «Bu i Stryn heile livet -planlegge litt?» ønskjer å bevisstgjere og inspirere innbyggjarane i kommunen til korleis ein kan legge til rette for eit langt og godt liv i eigen heim.

Inviterer til temadag: Einingsleiar ved Stryn omsorgssenter, Siw Rognmo Vangen (t.v.), og leiar for fysio- og ergoterapiavdelinga i kommunen, Bente Østreim Ulvedal, skal leie temadagen i kulturhuset torsdag neste veke. 

Nyhende

I samband med innleiinga til årets budsjetthaust uttalte kommunalsjef for Helse og sosial, Heidi Vederhus, at fleire eldre betyr at ein må ha auka fokus på tilrettelegging i heimen, for ein kan ikkje tenkje at alle skal få ein plass på omsorgssenter i framtida. Framskriving av innbyggjartal for Stryn kommune syner at det vil skje ei dobling i aldersgruppa over 80 år dei neste tjue åra.