Godt resultat i Stryn og Volda:

Barn stilte opp for barn i TV-aksjonen

Det vart samla inn over 243 millionar kroner under årets TV-aksjon, «Barn, ikke brud». Også lokalt i Stryn og Volda var gjevargleda stor.

Gjekk med bøsse: Josefine (8) og Samuel (4) Blaalid Karadas var mellom mange bøsseberarar som samla inn pengar for TV-aksjonen Barn ikke brud. På sin runde i Hokelstegen møtte også dei stor gjevarglede. Foto: privat  Foto: Henriette Blaalid

Nyhende

– Gjennomføringa gjekk fint. Vi hadde ute litt over 90 bøsser. Framleis er det kontantar på bøssene, 161.000 kroner, sjølv om det no også er mange som vippsar, fortel Torstein Tvinnereim, som tradisjonen tru er innsamlingsleiar i kraft av rolla som varaordførar.