Strynevassdraget:

Ivrar for skånsam utbygging

Rune Myklebust (Sp) stilte spørsmål i kommunestyret om ikkje tida er moden for å sjå på mogelegheitene for kraftutbygging i Strynevassdraget. – Vern og skånsam utbygging bør kunne gå hand i hand, meiner Myklebust.

Strynevassdraget: Rune Myklebust (Sp) tek til orde for ein ny diskusjon om vasskraftutbygging i Strynevassdraget. Han meiner vern og skånsam utbygging kan kombinerast.   Foto: Thomas Thaule

Vasskraft-utbygging er vesentleg meir skånsamt enn mykje av vindkraftutbygginga

Per Kjøllesdal
Nyhende

–Eg har registrert at det er litt ulike meiningar, men likevel stor semje om at det er naudsynt med det grøne skiftet. Men for å nå klimamåla må ein stor del av den fossile energien erstattast med fornybar. Det er ei kjempeutfordring, for 76 prosent av energien er i dag fossil. Målsetjinga er at maks tjue prosent skal vere ikkje-fornybar. Ein legg opp til ei dobling av vasskraft, som er den delen av den fornybare energien vi er mest kjende med i vårt område. Det er eit faktum at sjølv her i Stryn, og det regnar og vi ikkje veit å kome oss forbi flaumstore elvar, så vil vi framleis vere i manko av energi til eige bruk. Det er eit kjempe-paradoks, sa Myklebust.