Meiner støtte til prosjektet Berekraftig reisemål forpliktar

Stryn kommune legg dryge 100.000 kr på bordet for bidra til realisering av prosjektet «Berekraftig reisemål – Nordfjord». Haldor Hove (Ap) meiner at med det forpliktar kommunen seg til å bidra også på andre felt.

Ekstra krav: For destinasjonar der cruisegjester utgjer ein vesentleg del av besøket vert det stilt ekstra krav når ein skal sertifiserast som berekraftig reisemål.   Foto: Roy Aron B. Myklebust

Nyhende

Visit Nordfjord har som mål å sertifisere alle medlemskommunane som berekraftig reisemål. Merkeordninga er eit verktøy for å systematisere arbeidet med berekraft, og inneber at lokalt og regionalt reiseliv samarbeider tett med kommunane. I dag er ein av tre kommunar i Norge med i merkeordninga. 16 reisemål har så langt fått godkjenning og 32 reisemål er i gang med sertifiseringsarbeidet.