Gjekk til topps med ny norsk rekord

I kvinnene sin luftriflefinale i Hungarian Open vart Johanna Reksten best av alle med heile 252,2 poeng. Det er rett og slett ny norsk finalerekord.

Imponerte: Johanna Reksten gjekk til topps med luftrifle og sette ny, norsk finalerekord i Hungarian Open.   Foto: Norges Skytterforbund

Nyhende

– Det var utruleg kjekt i Ungarn. Eg jobba så sjukt godt med det tekniske, og sjølv om det stritta litt i mot i starten, så klarte eg likevel å fortsette den gode jobben sånn at eg kom godt inn i det til slutt, seier Johanna Reksten til Fjordingen.