LEIAR:

Når det er for godt til å vere sant

Stortinget  Foto: Bengt Flaten

Politikarane skal ha skikkelege vilkår, men ikkje vilkår som går langt utover det fornuftige

Nyhende

Våre stortingspolitikarar skal ha god løn og skikkelege arbeidsforhold. Difor har dei, med rette, ordningar som skal gjere det praktisk og økonomisk muleg å skjøtte vervet det inneber å vere landets fremste og viktigaste politikarar. Stortingspolitikarar som landets leiande politikarar skal ha eit lønsnivå som speglar ansvaret. Fordi dei må reise og vere vekke frå familien store delar av arbeidsåret, må dei og sikrast bustad i Oslo når dei er på jobb.