Stryn kommune heidra historielaget

Stryn Historielag til liks med mange andre har jubileumsmarkering på etterskot på grunn av korona, men onsdag fekk dei velfortente blomar.

Jubileum: Ingrid Heieren Sølvberg (t.v.) frå kulturkontoret/Stryn kommune overrekte blomar til Kristin Hatledal i historielaget. 

Nyhende

Stryn Historielag vart skipa i 1990. Alt året etter kom første utgåva av det historiske årsskriftet. Difor vart det eit dobbelt jubileum når Ingrid Heieren Sølvberg stilte med blomar frå kulturkontoret og kommunen, ved lanseringa av årets utgåve av årsskriftet.