Polfarar Inge Solheim heldt foredrag:

– Våg å følgje draumen din

Olden Ungdomslag inviterte til «bygdekafe» i Aldaheim sist søndag. Den nyinnflytta oldaren, Inge Solheim, heldt eit tankevekkande foredrag.

Interesserte oldarar: Mange hadde teke turen på bygdekafeen i Aldaheim. Inge Solheim heldt også foredraget «Exploring life».  Foto: Berit Melheim

Nyhende

Foredraget «Exploring life» eller utforsk livet på godt norsk, gav publikum interessante tankar. Inge Solheim er polfararen som slo seg ned i Olden i fjor. Innleiingsvis fortalde han korleis han hamna i Olden. Ei salsannonse på småbruket på Strand førte til at han drog over fjellet for å sjå.