- Det betyr utruleg mykje å ha vunne denne prisen

Britt Pernille Frøholm er glad og rørt etter å ha blitt tildelt Folkelarmprisen for utgjevinga "Fokhaugen". - Eg er sikker på at Ola og Ivar Kjelstad hadde storkost seg i Oslo i går kveld, for ikkje snakke om Kjellstad-Per og dei andre kjeldene frå Nordfjord og Sunnmøre, seier ho.

Rørt: Glad og rørt Britt Pernille Frøholm med Folkelarmprisen.  Foto: Knut Utler

Nyhende

Folkelarmprisen er folkemusikkens sin eigen platepris, der miljøet løftar fram dei beste albuma frå årets om har gått. Prisen blir delt ut under bransjetreffet Folkelarm. Britt Pernille Frøholm kom frå Berlin for å delta på bransjetreffet, og kunne reise heim med gjev pris i bagasjen.