Folksamt rundt julegrana

Oppslutninga var stor i det kalde veret under tenninga av julegrana på Per Bolstad plass laurdag. Stemningsfull song, helsing frå kyrkjekontoret og besøk av smånissane var noko av programmet. Sidan grantenninga i fjor vart amputert på grunn av pandemien, sette arrangøren Stryn Handel ekstra stor pris på at fleire hundre møtte opp i år.

Mykje folk møtte opp til tradisjonell julegrantenning på Per Bolstad plass.  Foto: Sigrid Heggestad

Nyhende