Høyr nyaste episoden av Sport und Spaß her:

Skåla Opp-generalen om litt av kvart

Erik Rune Brendefur er gjest i radioprogrammet Sport und Spaß. 

Nyhende

I denne sendinga er "Skåla Opp-general" Erik Rune Brendefur gjest. Til sommaren vert siste utgåva av motbakkeløpet arrangert, og vi høyrer om det er nye ting på gang. Det vert også litt mimring om tida som fotballspelar i Stryn og Loen og ein sveip innom favorittlaget Leeds.

I sendinga elles høyrer du Inge Asbjørn Haugen fortelje om utfordringa han har fått frå Sport und Spaß til jubileumssendinga 8. desember- som blir den 50. i rekkja.

Det vert trekt vinnar av konkurransen og du kan høyre eit nytt "Rim med Rakje".