Stort nissetog og topp stemning under julegateopninga

Julegatene på Grodås er offisielt opna.

Nissetog: Det var plass til både bilar og nissetog gjennom sentrumsgata. Ansiktsutrykket til dei som måtte vente eit par minutt i bil tyda på at dei sette pris på underhaldninga.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Små og store nissar med Hornindal Musikkorps i front samla seg i taktfast tog gjennom sentrum laurdag ettermiddag. Deretter minikonsert med Hornindal musikkorps ved julegrana framfor Coop, før Kvivsnissane brått dukka opp med kvar sin store sekk full av godteposar.