Johannes og Tarjei held fram i Östersund

Ein ny verdscuprunde i Östersund står for tur for skiskyttarane.

Ny verdscuprunde: Johannes Thingnes Bø og resten av skiskyttareliten går ny verdscuprunde i svenske Östersund.   Foto: manzoni/ibu

Nyhende

Allereie torsdag ettermiddag går herrane, med Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø på startstreken, 10 kilometer sprint i den svenske skiskyttarmetropolen. Johannes går ut som nummer 16, Tarjei med nummer 43.

Stafett og jaktstart

Laurdag står sesongens første stafett på programmet, og søndag er det klart for 12,5 kilometer jaktstart, basert på resultata frå torsdagens sprint.

Johannes Thingnes Bø vart nummer tre på sprinten søndag, medan Tarjei Bø gjekk inn til 12. plass. Begge har ambisjonar om endå betre plasseringar denne helga.