Fleire nye smittetilfelle i Volda kommune:

- Trur det er Omikron

Volda kommune har 24 smittetilfelle så langt denne veka.

ILLUSTRASJONSFOTO. Omikron-varianten av korona dominerar i Norge  Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

Fredag morgon melder Volda kommune om fire nye tilfelle av Covid-19 siste døgn. Tre er kjende nærkontakter og ein har ukjend smitteveg.

Volda kommune har 24 smittetilfelle så langt denne veka og 58 tilfelle så langt i år.

- Det er fleire tilfelle dagleg i Volda kommune. Veit de om desse er Omikron-varianten?

- Nei, varianten blir ikkje sjekka for kvar enkelt test,men tidlegare sekvensering ved laben i Molde viser at Omikron dominerar i fylket. Vi antek altså at også desse er omikron, seier ordførar i Volda, Sølvi Dimmen til Fjordingen.


Korona:

Fleire er smitta i Stryn

Mistenkjer Omikron