Sette dagsrekord med 806 vaksinedoser

Torsdag sette vaksineteamet i Volda kommune dagsrekord med 806 vaksinerte på ein og same dag.

Rekord: Det etterkvart erfarne vaksineteamet i Volda som torsdag sette dagsrekord med 806 vaksiner på ein dag. Teamet består av ei god blanding av sjukepleiarar, hjelpesjukepleiarar, studentar, frivillige og andre som har meldt seg.   Foto: Volda kommune

Nyhende

Mange frå Hornindal var blant dei 806 som var med på rekord-dagen. Hilde Ørstavik Lundberg som har vore med frå første dag kommunen starta koronavaksinering, hadde all grunn til å smile då torsdagens innsats var over. Då kunne ho fortelje medarbeidarane sine at ny vaksinerekord var sett med 806 doser på ein og same dag, fortel kommunen i ei pressemelding.