Driftsselskapet i Stryn Sommerski har slått seg sjølv konkurs. Avgjerda vart teken i romjula og begjæringa går til tingretten i dag.

Ein tung og avkorta sommarsesong 2013 med sterk svikt i inntektene gjorde at ein allereie vanskeleg økonomisk situasjon vart forverra. Samla gjeld i selskapet er 2,8 millionar kroner.

- Vi har gått mange rundar med kreditorane våre med tanke på frivilleg gjeldssanering og vi har forsøkt å hente inn frisk kapital som var heilt nødvendig for vidare drift, men utan å lukkast, seier Magne Brekke i driftsselskapet.

Jan Egil Flo som representerer eigarselskapet bak sommarskisenteret seier til Fjordingen at eigarane er innstilte på å finne ei løysing som sikrar full drift til sommaren. Anten ved å engasjere annan driftsoperatør eller ved å drifte sjølv. Moods of Norway, Nordfjord Kjøtt og Sryn kommune er aksjonærar i eigarselskapet.