I samband med skitinget i Loen, som har pågått denne veka, var Inge Fænn frå Markane IL mellom dei som vart heidra. Under festmiddagen laurdag kveld mottok han NSFs gullmedalje for sin administrative innsats innan skisporten gjennom mange år. Dette er nest høgaste nivå når det gjeld utmerkingar i skiforbundet.

I grunngjevinga heiter det:

"Hans ski CV er svært lang. Styremedlem i skikrinsen i ulike verv mer eller mindre helt siden midten av 70 tallet . Men i tillegg til mange verv i kretsen har han også vært en viktig bidragsyter til mange sentrale prosjekt i Norges Skiforbund. Ski i Skolen , organisasjonskomiteen , hovedkomiteen for NM 1996 - og ikke minst Valgkomiteen. Det siste i flere ulike perioder - leder i perioden 95 - 99."

Steinar Johannessen, Trønderhopp, mottok plakett (høgaste nivå) medan Kari Hovin Kjølle, Byaasen Skiklubb, og Anders Fortun frå Fanaråk IL mottok pokal under festmiddagen.

Inge Fænn og Yngve Thorsen frå Sogn og Fjordane skikrins mottok også stor takk for eit vel gjennomført skiting.