Det er Olden IL som no arbeider for å legge til rette for å etablere ein klatrepark i Olden. Aktuelle lokasjonar er ved Olden skule, eller i Olden sentrum, fortel leiarane i prosjektet Silje-Katrin Opheim og Randi Gjengedal.

– Men det blir klatrepark i Olden, såpass kan eg seie. Eg er sikker på at ein klatrepark i Olden vil bli mykje brukt, både av alle dei barnefamiliane som er i sentrum og av turistane som det myldrar av i sesongen, seier Opheim.

Det lokale idrettslaget har søkt fleire om å ta del i finansieringa og har møtt stor positivitet og velvilje til initiativet. Håpet er at klatreparken skal vere ferdig realisert våren 2019.

Klatrepark Døme på korleis klatreparken i Olden kan bli sjåande ut. Lokasjon er enno ikkje klart, men vil bli i sentrum eller i tilknyting til skulen med håp om ferdigstilling våren 2019.

– Tilbakemeldingane frå dei vi så langt har henvendt oss til er veldig positive, seier Opheim.

Førebels har både Olden Bygdekvinnelag, Olden Raude Kross, Bunnpris Olden, Skogstad Sport, Nordfjord Havn IKS og Flåten Maskin gitt støtte til prosjektet. Sistnemnde vil og gjere grunnarbeid der klatreparken skal setjast opp.

Søkte om 50.000, fekk over 100.000

Olden IL fekk overraskande tung støtte frå Nordfjord Havn. Idrettslaget søkte det interkommunale selskapet om 50.000 kroner til prosjektet. Gleda var difor veldig stor då Nordfjord Havn støtta klatreparken med over 100.000 kroner.

– Det var overveldande. Vi er veldig takksame over ei slik støtte, seier Opheim.

Idrettslaget skal og søkje spelemidlar og Gjensidige stiftinga.

– Viktig å støtte lokalsamfunnet

Nordfjord Havn IKS hadde inntekter frå vinteropplag av supplybåtar i Olden. Styret i Nordfjord Havn bestemte at ein del av desse inntektene skulle setjast på fond og nyttast til gode tiltak i Olden.

– Idrettslaget søkte om støtte til eit veldig positivt tiltak, og det er viktig for Nordfjord Havn å ta samfunnsansvar i Olden og pløyer noko av midlane tilbake til lokalsamfunnet i Olden, seier stryneordførar Sven Flo som sjølv sit i havnerådet.

viktig støtte – Viktig å gi noko tilbake til Oldensamfunnet, seier ordførar Sven Flo som sit i havnerådet i Nordfjord Havn. Selskapet støtta klatreparkprosjektet i Olden med over 100.000 kroner. Foto: Roger Oldeide

Han legg til at også cruiseturistane vil dra nytte av ein klatrepark.

– All honnør til initiativtakarane. Det er mange barnefamiliar som går i land i Olden, så dette vil alle dra nytte av, seier Flo.