16-åringen Eskil Solheim Kveen frå Stryn og Markane IL fekk denne veka prøve seg i Youth Cup i Granåsen i Trondheim. Her fekk unge kombinerttalent i alderen 13-16 år frå til saman ni nasjonar tevle i samband med at worldcupen i kombinert besøkte Granåsen desse dagane.

I alt deltok 80 ungdomar, 56 gutar og 24 jenter, fordelt på to klassar for kvart kjønn. Alle hoppa i K60, medan jentene gjekk 3 km og gutane 4,5 km langrenn.

Kveen konkurrerte i den eldste gruppa. Det var tydeleg eit høgt nivå, og sjølv om stryningen måtte finne seg i å bli eit stykke bakover på lista var han nøgd med innsatsen.

- Det var ei fin oppleving for min del! Eg hadde 8. beste langrennstid første dagen. Andre dagen var det litt fleire deltakarar med. Det var mange utøvarar som skulle til Ungdoms-OL av dei som konkurrerte i klassa mi. Eg vil seie eg er svært nøgd med løpa, seier Kveen.