Kommunestyret i Stryn skal i morgon, torsdag vurdere søknaden frå Turløyper Stryn AS om auke i det årlege driftstilskotet med kr. 100.000.- til kr. 250.000.- Dette med bakgrunn i økonomisk krevjande drift og det faktum at tilskotet har vore uendra i fleire år.

I formannskapet i februar vart saka utsett. I siste formannskapsmøte 11. mai var det ein positiv tone, men det er eit klart behov for formannskapet å få fullt oversyn over kommunale utteljingar i høve budsjettprosessen til hausten.

– Vi må samle trådane i det vi har av slike saker, vekte tiltaka og sjå kva vi brukar pengane på i eit samla opplegg til hausten, sa Per Kjøllesdal (Sp) i debatten. Dette sa ordføraren seg samd i.

Det vart samrøystes foreslått overfor kommunestyret å auke tilskotet som omsøkt for 2016. Det ligg i forslaget at tilskotsuken skal finansierast ved hjelp av disposisjonsfondet, at rådmannen får fullmakt til å føreta budsjettendringane.

Tilskotet skal vurderast i budsjettsamanheng for 2017.