Med underskrifter frå Coop Vest Eigedom, Stryn kommune og HS Bygg AS er det definitivt klart at Coopbygget vert realisert.
- Det har vore ein lang prosess. Difor er eg veldig glad for at vi no er i mål, sa ordførar Sven Flo. I dag signerte han kontrakta på den delen av bygget som kommunen kjøper. Denne kontrakta utgjer i overkant av 66 millionar kroner. Heile prosjektet er kalkulert til om lag 140 millionar kroner, inklusive moms.
Coopbygget får grunnflate på 2.000 rutemeter. I underetasjen blir det parkeringskjellar med plass til 70 bilar. Det meste av første etasje skal nyttast til Coop Extra-butikk, men der blir også plass til Vitus Apotek.
Stryn kommune kjøper godt og vel halve andre etasje, der det skal etablerast legekontor og helsestasjon. I toppetasjen skal kommunen ha ni omsorgsbustader.
- Heile bygget skal stå ferdig våren 2017, opplyser Dina Yri, byggjeleiar HS Bygg.
Les meir om saka i papiravisa fredag.