European Cruise Service ber Nordfjord Havn om sterkt å revurdere bussavgifta på cruisekaia i Olden på kr. 400.- per bussavgang "i det minste i sin noverande form".

" Ved å innføre ei slik avgift på så kort varsel, berre to dagar før det første cruiseanløpet, har de plassert European Cruise Service i ein meget vanskeleg situasjon. I realiteten betyr dette at det er vi som sit igjen med heile rekninga på 500.000 kroner, noko som vi ser på som urimeleg belastning for vårt selskap", skriv ECS m.a. til Nordfjord Havn, Stryn kommune og ordføraren.

Fjordingen prøvde å få ein kommentar til dette frå hamnedirektøren, men oppnådde ikkje kontakt. Hamnedirektøren sit i dag i møte i Ålesund.