Å beite i utmark har blitt trekt fram som positivt for sauer og andre husdyr. Men nye tal viser at utmarksbeite også er svært risikofylt. Rundt 60.000 lam og 16.000 sauer blir borte på beite kvart år.

– Det er eit paradoks, for å gå på beite er på den eine sida det mest naturlege livet dyra kan leva. Det er eit stort gode. På den andre sida er det også det mest utsette livet, med risiko for skadar, ulykker og rovdyr, seier leiaren for dyrevelferd-seksjonen i Mattilsynet, Torunn Knævelsrud, til Nationen.

I årsrapporten til Mattilsynet om velferda til norske dyr konkluderer tilsynet med at dyr som beitar på utmark er den aller største trusselen mot dyrevelferda i Norge i fjor. Slik var det også året før.

Mattilsynet veit ikkje sikkert kva som skjer med alle dyra, men slår fast at rovdyr ikkje er det største problemet, men skadar og larvar frå fluger som går i ulla på sauene og lagar store sår. Knævelsrud seier dette er eit problem det er vanskeleg å få gjort noko med.

Styreleiar Kjell Erik Berntsen i Norsk Sau og Geit meiner likevel at fordelane med utmarksbeite er større enn ulempene.

(©NPK)