- Eg åtvarar Stryn mot å kjenne seg for trygge på at Hornindal i ein gitt situasjon der vi får press på oss, går til Stryn framfor Volda. Det kan bli close race, seier ordførar Stig Olav Lødemel i Hornindal i ein pause i kommunalkonferansen i Balestrand. Sjølv vil han ikkje ta stilling til dette no. Han understrekar at Hornindal får gode tilbod om dei kjem til Volda eller Stryn, men gjentek det sterke ønskjet om at både Stryn, Hornindal og Volda blir ein kommune.

- Alt å vinne

- Vi har alt å vinne på det. Vi utfyller kvarandre på ein god måte med våre tenestetilbod. Vi er alle tente med ein storkommune for å kunne yte maksimalt tenestetilbod. Stryn og Hornindal blir 8.400 innbyggarar. Med Volda blir vi 17.500. Vi er sårbare i Hornindal med små fagmiljø. Dette har vi sagt før.

- Overraska over resultatet frå folkerøystinga i Volda og Ørsta?

- At Ørsta sa nei til Volda, var ikkje så overraska. Derimot hadde eg ikkje trudd at nærare 70 prosent i Volda skulle seie nei til Ørsta. Det siste kan vi kanskje skrive på kontoen for at dei heller vil sjå sørover, seier Lødemel.

- Volda kjem på bana

- Korleis vil Hornindal forhalde seg no?

- Eg har fått forsikring frå Volda-ordføraren at han vil gå vidare. Det betyr at han legg intensjonsavtalen mellom Volda, Stryn og Hornindal på bordet til sitt kommunestyre den 26. mai. Samstundes vil det i Stryn, Hornindal og Volda pågå innbyggarundersøking mellom 27. mai og 12. juni der 200 vert spurt i Hornindal og 800 i kvar av kommunane Stryn og Volda. Då får vi ein peikepinn på kva folk vil. Vi skal ikkje ha rådgjevande folkerøysting. Det skjer i Stryn 13. juni. Om Volda skal ha, veit eg ikkje.

- Veksande samkvem

- Ordførar Sven Flo reagerer på inntrykket av at det å berge sjukehuset er det viktigaste for Volda med tanke på å få med Stryn og Hornindal?

- Fokuset på sjukehuset han ha hatt betydning når Voldainnbyggarane sa så klart nei til Ørsta, men dette bør ikkje vere dominerande fokus. Sjukehus er viktigast når ein treng det, at ein når fram i tide. Nei sjukehusfokuset kan bli for sterkt. I Volda er det også andre ting. Det største høgskulemiljøet i regionen og tilbod om mange offentlege arbeidsplassar, seier Lødemel.

Han understrekar det veksande samkvemet med Austefjorden og Bjørke. Eit eksempel å trekke fram her er brannutrykningar. Etter at nødnettet vart etablert, har fire av sju utrykningar frå Hornindal skjedd til andre sida av fylkesgrensa.

- Kva tenkjer du om Eid/Gloppen og folkerøysting 30. mai?

- Eg har snakka med Eidaordføraren her no, og seier Eid og Gloppen nei til kvarandre, er han innstilt på å sjå både utover og innover. Det kan kome mange nye moment inn, også gjennom innbyggarundersøkinga, seier Lødemel.