Sommarfesten i Hornindal vart opna med trollfest fredag ettermiddag. Sola som også titta fram gjorde stemninga ekstra god.

Store og små hadde kledd seg opp i trollkostyme, og mange møtte fram for å delta i toget som starta klokka fem. Etter ein liten sving gjennom Grodås, vart prosesjonen avslutta ved scena og det vart delt ut is til alle trolla.

Ordførar Stig Olav Lødemel ønskte velkommen til sommarfest og klippte snoren med god hjelp frå to troll. Deretter gjekk Bjørn Lødemel på scena for å dele ut pris til dei  flottaste kostymane.

Vidare ut over kvelden er det klart for fredagsdans i Groparken.