Fontena på Per Bolstad plass i Stryn sentrum har i dag blitt fjerna av fleire tilsette i kommunen og ei relativt stor kran. Kvar fontena skal stå no, er ikkje bestemt.

Formannskapet har vedteke at fontena skulle vekk frå plassen, og årsaka er den nye sentrumsplanen og best muleg utnytting av plassen.

- Fontena skal så langt det let seg gjere flyttast i eitt. Bassenget der fontena står i dag skal fyllast igjen for å få ei meir samanhengande flate. Fontena skal lagrast i påvente av eventuell ny plassering, heiter det i vedtaket.

Når ei eventuell ny plassering er føreslått, skal kommunen kontakte utøvande kunstnar Svein Rønning, slik at han får høve til å uttale seg.

Ei stor kran måtte til for å få løfte vekk delane på fontena.
Slik ser det ut på plassen no. Bassenget skal fyllast att for å få ei meir samanhengande flate. Foto: Thomas Thaule