Måndag vart det avklart at det ikkje blir gjort vedtak om endringar i akuttfunksjonane ved ei rekkje sjukehus. Det betyr at Volda sjukehus sine akuttfunksjonar førebels er trygge.
Føretaksmøtet la vekt på at akuttfunksjonane blir avklart no for å sikre føreseielegheit og ro rundt det vidare arbeidet med utviklingsplanane som skal ferdigstillast i 2018.
– Kva slags tidsperspektiv opererer ein med for trygging av akuttfunksjonane ved Volda sjukehus?
– Med det arbeidet som leggast til grunn no, er tidsperspektivet år 2035. Målet er å utvikle dei små sjukehusa for framtida, seier Bent Høie til Fjordingen.
- Etter føreståande kommunesamanslåing i 2020 vil Hornindal endre fylke. Er det ein automatikk at innbyggjarane i Hornindal då vil sokne til Helse Midt, og ikkje Helse Vest som i dag?
- Det vil eg anta at det er ja, men eg tør ikkje vere bastant på dette på ståande fot, seier Høie i ein kommentar.