Fylkesveg 63 frå Djupvasshytta til Langvatn vart i går,  onsdag opna etter brøytinga tysdag. Sola hadde gjort ein god jobb saman med veghøvelen, opplyste Kåre Berge i Statens vegvesen til Sunnmørsposten.

Alle ras er komne ned, også ved Stavbrekka. Det vert presisert at vegen kan bli stengt på kort varsel dersom krevjande ver og føre skulle tilseie det.