"Leder for en dag" er eit årleg tiltak, som denne hausten blir arrangert for 13. gong. 30 elevar frå ungdomsbedrifter i Norge er plukka ut til å delta på den heilt spesielle dagen, der dei skal få fotfølge utvalde bedriftsleiarar/gründerar.

Moods of Norway og Simen Staalnacke er mellom bedriftene som får besøk komande onsdag. Dagleg leiar i ungdomsbedrifta Plakateriet UB, Anne Marie Edvardsen frå Nordland, er den som skal "skygge" stryningen, i følge heimesida til Nordland fylkeskommune.

- Eg er stolt over å ha blitt valgt ut til å delta. Simen Staalnacke er ein fargerik leiar! Eg trur det blir både lærerikt og spennande å få innsyn i korleis han jobbar og tenkjer, seier den unge gründeren.

Leder for en dag arrangerast i samarbeid mellom Ungt Entreprenørskap og ManpowerGroup.