Stryn Vinterski søkjer Stryn kommune om 12 millionar kroner til utbygging av stolheis.

- Ein ønskjer at 11,5 millionar kroner av dette beløpet vert aksjekapital i nytstifta selskap "Stolheis AS", som skal leige ut stolheis til Stryn Vinterski AS, og at 500.000 kroner av midlane vert øyremerka utviklingskapital som skal disponerast til m.a. stifting av selskap, etalbering av avtalar med grunneigarar, kapitalinnhenting, organisasjonsutvikling og prosjektleiing i startfasen. I tillegg søkjer ein kommunen om eit årleg driftstilskot til anlleget oppad begrensa til 1 million kroner. Eventuelt overskot i Stryn Vinterski AS vil redusere driftsbidraget frå Stryn kommune tilsvarande, heiter det i søknaden.

Politikarane i Stryn har allereie fått presentert forprosjektet for stolheisutbygging med samla kostnad på 30 millionar kroner.