Astrid Drageset Raftevold (Sp) ønskjer at både politikarar og andre engasjerer seg i det som skal vere Stryn kommune sin alkoholpolitikk i komande fireårsperiode.
- Det er ikkje lenger mange stader utan alkoholservering. Difor bør vi samde om nokre alkoholfrie arenaer der born og unge er samla, hevda Astrid Drageset Raftevold då helse- og sosialutvalet starta prosessen med rullering av rusmiddelpolitisk handlingsplan 2016-2020.
Astrid Hoffart (V) refererte frå gjelandande plan - der det er målsetting om å ha fleire alkoholfrie soner.
- Stryn kommune har gjort det motsette ved å opne for fleire løyve. Så dette samsvarar ikkje, slo ho fast.
Gjennom utlegging til offentleg ettersyn vil ale få høve til å gje innspel til planen som skal slutthandsamast av kommunestyret på vårparten.