I dag gjekk Bagheera Fjällmaraton Sëlen av stabelen. Her viste ungdommar frå Hornindal seg fram frå si beste side.

Det var stor deltaking på dette maratonet, og Rasmus Haugen stilte til start på distansen halvmaraton i fjella rundt Sälen i Sverige, saman med opp mot 400 andre løparar i herreklassen. Her var han nesten sterkast av samfulle, og kom i mål på andreplass.

Også i dameklassa var deltakinga stor, og i ei klasse med opp mot 450 deltakarar klarte Live Sollid å springe inn til ein fjerdeplass.

– Ho sprang på dispensasjon, ettersom ho eigentleg er for ung til å springe halvmaraton, som 14 åring, fortalde Knut Sollid.

Sjølv er ho fornøgd med sitt eiget løp.

– Det var eit variert terreng her, i slalomløyper og fjell. Nokre stader var det tyngre enn andre, men jamt over gjekk det veldig bra. Det er kjekt å springe mot folk som er eldre enn meg, særleg når eg slår dei, sa ei fornøgd Live Sollid etter målgang.

Også broren til Live, Erlend Sollid, stilte til start på halvmaraton i herreklassen. I mål var plasserte han seg sterkt rundt midten, etter å ha stilt opp utan ordentleg treningsgrunnlag.