"Utan mat og drikke..". Dette slagordet gjeld også for dei som i løpet av dagen skal presentere storbilar under Motorfestivalen i Stryn.

- Vi har laga til frukost for at alle skal få ein god start på dagen, seier Gunnhild og Torunn Egge.

Og for dei som måtte tru at storsjåførar MÅ ha speilegg, bacon og pølser til dagens første måltid, kan vi her og no avvise myten.

- Desse kjekke karane er meir enn fornøgde med enkel, sunn og god kost, smiler Gunnhild og Torunn.