Folkedansarane i Fjelli Ungdomslag er valt ut som modellar i ein serie instruksjonsfilmar som skal skape danselyst hos særleg yngre folk.
– Vi hadde lyst å ha med dansegruppa her sidan dette er ei veldig aktiv gruppe som har drive over lang tid, seier Halldis Folkedal. Ho jobbar i Norges Ungdomslag og er den som både kom med idéen og som no har regien for filmane som vert spelt inn. Tanken er å byggje opp eit digitalt danseleksikon på nettsida folkepedia.no, der kven som helst kan gå inn og la seg inspirere og lære ulike fokedansar frå heile landet.
– Slitsamt
Då Fjordingen var på besøk i ungdomshuset Fjellvarden, der innspelinga fann stad onsdag, var ungdomsgruppa godt i gang med opptaka. Dei kunne fortelje at det var eit tidkrevjande arbeid.
– Vi må danse dei same dansane fleire gongar sidan dei skal klippe det saman, fortel Peder Nyberg (12).
– Det er litt slitsamt men vi får pausar inn imellom, seier Ingunn Bergset (14).
– Dei har vore kjempeeksemplariske. Det virkar som om dei tykkjer det er artig å kome framfor kamera, seier Folkedal.