- Torsdag kveld fekk vi svaret på at ein storkommune med Ørsta er urealistisk. At folk der sa nei til Volda, var forutsigbart. Meir overraska vart eg over at nesten 70 prosent av dei frammøtte i Volda sa nei til Ørsta under den rådgjevande folkerøystinga. Likevel var vel dette også eit uttrykk for stemningsskifte den siste tida, seier ordførar Sven Flo i Stryn.

- Har ingen avtalar med Volda

Stryneordføraren følgde spent med på valsendinga frå folkerøystinga i Ørsta og Volda på NRK Møre og Romsdal i går kveld ettersom Stryn og Hornindal har skrive intensjonsavtale med Volda som ein del av sunnnmørs lommunen plan B.  Flo understrekar overfor Fjordingen at Stryn og Hornindal ikkje har nokon godkjent avtale med Volda så lenge denne ikkje er godkjent i Volda. Dermed har Stryn to alternativ per i dag: Stryn åleine eller Stryn og Hornindal i lag.

- Vil Stryn foreta seg noko mot Volda no?

- Nei. Vi har framforhandla intensjonsavtale på oppdrag frå kommunestyret. Vi har ikkje meir å gå på. Vil Volda ta opp hansken, må dei gjere det. Tida er knapp. Har dei intensjonar i vår retning, må dei på bana om ei veke eller seinast 14 dagar. Visst ikkje er også det sporet mindre realistisk, seier Flo.

- Meir enn å redde lokalsjukehus

Flo er skuffa over Volda-ordføraren sitt fokus i valsendinga knytta til bekymringa for Volda sjukehus:

- Dersom det å redde Volda sjukehus er det einaste motivet for å ha Stryn med på laget, så er eg ikkje der. Kommunereformen er mykje meir enn å berge lokalsjukehus. Vi har vidaregåande skule og vi har eit sterkt næringsliv av mange ting, seier Flo.

- Fryktar du Hornindal kan velje Volda om dei får sjansen?

- Det er ei rekkje fordelar med Stryn og Hornindal i lag, men eg kan ikkje bruke mykje tid på deira val. Dei har sine politikarar og må ta sjølvstendige val.  Det gjer også vi. Vi konstaterer at Stryn er i ein god økonomisk situasjon og har evne til å utvikle kommunen. Eg ser heller ikkje noko nederlag slik sett, seier Flo.

- Skal vere på ballen

- Fryktar du ikkje situasjonen for Stryn vgs om Hornindal går nordover?

- Elevane skal kunne velje skule, og slik sett er Stryn eit like godt alternativ om linjene er gode. Ungdomane i Hornindal skal kunne velje Stryn vgs. på dette grunnlaget. Det pågår ein regionsreform som vil viske ut grensene mellom fylka. Vi skal vere tydelege overfor fylkeskommunane som eigarar av vidaregåande skular når det gjeld Stryn vgs.

- Gloppen og Eid skal ha folkerøysting 30. mai. Korleis vil Stryn forhalde seg om resultatet der gjev grunnlag for at Eid søkjer løysingar mot Stryn/Hornindal/Volda?

- Eg har respekt på at det har vore viktig for Eid og Gloppen å få svar 30. mai. Om nokon ball blir sparka i gang i vår retning, så skal vi vere på den ballen, seier Flo.