Komande torsdag skal Tonning skule arrangere kampanjedag for bruk av sykkelhjelm. 3.-7. klassetrinn skal samlast, og dei har vore så heldige å få Steinar Lødøen på besøk.

Lødøen er og har vore aktiv syklist med deltaking i mange sykkelritt, men 15. september 2012 gjekk det gale i Kvivsrittet. Han gjekk på hovudet i asfalten, og seinare har han uttalt at det var hjelmen som truleg redda livet hans.

- Kva vil du fortelje elevane torsdag?

- Først blir det å fortelje om starten då eg byrja å sykle, kva eg har vore med på i sykkelsporten. Deretter sjølve ulukka, skadene og tida etterpå, seier Lødøen til Fjordingen.

- Kva var det som skjedde 15. september 2012?

- Ulukka skjedde på ei bru ned mot Bjørke. Det var eitt eller anna som medførte slag på framhjulet då eg kom inn på brua. Kroppen vart kasta framover. Eg hadde ikkje sjanse til å halde meg bakpå. Det vart eit tøft møte med asfalten, ein skikkeleg smell som medførte store smerter. Heldigvis fekk eg smertestillande hjelp frå ei vakt i den alpine redningsgruppa, fortel Lødøen som via CT ved sjukehuset i Volda vart sendt vidare med luftambulanse til sjukeuset i Ålesund.

Hjernesrystelse, brot på kragebeinet, to brotne ribbein, punktert lunge, brot i bekkenet og skade i hofteskål vart konstatert. Lang rehabilitering venta, men mot alle odds var honndølen tilbake og sykla Nibberittet på dagen ni månader etter ulukka. Dette trass i at ein lege hadde uttalt at han ikkje burde tenke på sykkel det første året.

- Eg vil gjerne fortelje elevane litt om nyttig og rett trening, også.

- Korleis var det aktuelt å stille opp på kampanjedag?

- Det var vel på Strynemessa i fjor at eg møtte Kari Ann (i FAU) og Einar Fredheim og fekk førespurnad om å stille på ein slik kampanje.

- Og den viktigaste bodskapen er å bruke hjelm?

- Absolutt. Det er viktig for ungar og folk flest å kome ut og kjenne på naturen, gjerne også å slå seg litt. Slår du derimot hovudet i asfalten, er det berre hjelmen som i dei fleste tilfelle kan redde oss, seier Steinar Lødøen.