Anders Fannemel nådde ikkje den store lengda i kvalifiseringa til skiflygingskonkurransen i Planica, men klarte likevel å greit ta seg vidare med eit hopp på 203,5 meter. Det skal seiast at honndølen hoppa under tunge forhold i bakken.

Hoppet plasserte Fannemel som nummer 17 i kvaliken. Han fekk 208,1 poeng. Bestemann var Johann Andre Forfang med 241 meter og 243,4 poeng. Mannen med lengst hopp vart Gregor Schlierenzauer. Han tangerte verdsrekorden med sitt hopp på 253,5 meter.