Kommunen minner om at sterke vindkast, kan føre til nedfall av tre og brot på straumforsyninga, og at det difor er eit godt råd å sørge for at mobiltelefonen er opplada.

I kveld vert også kommunale bygningar stengde:

Stryn kulturhus, Strynehallen, Stryn symjehall, alle skular og barnehagar.

I tillegg oppmodar Stryn kommune alle frivillige lag og organisasjonar til å avlyse sine arrangement etter klokka 19.

Skule og barnehage i Volda kommune

Volda kommune opplyser at føresette til barn i barnehage og skule får melding direkte gjennom barnehagen/skulen sitt meldingssystem dersom barna skal halde seg heime onsdag.

I samband med at det er sendt ut farevarsel om ekstremt kraftig vind rår oppvekstkontoret til at dei minste barna skal få følge heim onsdag, skriv Møre-Nytt.

– Vi held SFO, skular og barnehagar opne, men oppmodar om at dei yngste skal sleppe å gå heim aleine, seier kommunalsjef oppvekst Per Ivar Kongsvik.